Nyheter fra Norges Litteraturskole

nyheter medieomtale fra idé til bok

last ned teksten(word;57KB)

Jon Fosse: dramatikar i verdsklasse
av: Hege Otterholm

Intervjuet er henta frå Bjørnsonfestivalen si festivalavis En Handske

Betre enn Ibsen

Dei lange strendene
dei ufråkomelege
vindane
teikningar
av lys og mørker
som gjer oss tydelege
før dei vinkar oss bort
inn der det knakar
av forsona einsemd
lyst opp av ei sol
(...)

Frå Jon Fosses
Auge i vind, Det norske Samlaget, 2003

Fakta om forfattaren:
Namn: Jon Fosse
Fødd: 29. september 1959 i Strandebarm i Hardanger.
Bakgrunn: Cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturkunnskap frå Universitetet i Bergen.
Kjend som: Forfattar, poet og dramatikar.
Utgjevingar: Har gjeve ut ei rekkje diktsamlingar, skodespel og romanar. Debuterte i 1983 med romanen Raudt, Svart, som vart følgt opp med blant anna Stengt gitar i 1985 og Naustet frå 1989. Frå midten av 90-talet er det skodespela som dominerer produksjonen, og nokre av dei mest kjende er Namnet (1995), Nokon kjem til å komme (1996), Natta syng sine songar og Ein sommars dag (1998) og Dødsvariasjonar (2002). Blant Fosse sine seinare utgjevingar finn ein mellom anna Dikt 1986-2000, romanen Morgon og kveld (2000), diktsamlinga Auge i vind (2003), forutan romanen Det er Ales (2004).

Utmerkingar: Fosse er ein av Noregs mest namngjetne forfattarar og har vorte tildelt ei rekkje prisar, blant anna Norsk kulturråds ærespris, Gyldendalprisen og Doblougprisen, berre for å nemne nokre få. I tillegg har forfattaren motteke fleire internasjonale utmerkingar, mellom anna "Ordre National du Mérite," noko som tilsvarer Kongens fortenestemedalje og er Frankrikes nest høgste utmerking.

Når ein nordmann hevdar seg i utlandet, er pressa ofte raskt ute med å hylle den utfarne helten og visse seg om at heile nasjonen får vite om bragdene han eller ho har gjort. Med Jon Fosse synest ikkje dette heilt å vere tilfellet; han er nesten meir kjend i utlandet enn her heime. Stykka til Fosse er satt opp på om lag 115 scener verda over og omsett til meir enn 20 språk – ein vesentleg produksjon sjølv i internasjonal målestokk. I den siste tida har det til og med vorte ymta frampå om at dersom nokon nålevande nordmann fortener ein Nobelpris i litteratur, då måtte det vere Jon Fosse. Tyskarane og franskmennene seier seg einig – dei synest visstnok han er betre enn Ibsen.

Måtte overtydast til å gå på scena

Sjølv om det er som dramatikar han har vorte mest kjend, var det ikkje der diktarkarriera til Fosse byrja. Allereie i 12-årsalderen skreiv han dikt og forteljingar, og då han var 20 år og litteraturstudent ved Universitetet i Bergen vann han novelletevlinga i studentmagasinet Studvest. Etter det berre fortsette han å skrive, og etter kvart fekk han også gjeve ut debutromanen Raudt, svart, som han i følgje seg sjølv berre er sånn passeleg mellomnøgd med i ettertid. Fosse hadde allereie skrive dikt og romanar i ti år og takka nei til fleire tilbod då han vart overtydd av Kai Johnsen og Tom Remlov ved Den Nationale Scene i Bergen om å skrive eit stykke for dei. Etter kvart innsåg han at drama var sjangeren for han:
– Ulike sjangrar gir forskjellige rom og innsikter og gleder, men sant å seie føler eg meg veldig heime i dramatikken, seier Fosse. – Det er veldig klare rammer, synest eg, når ein skriv for teater. Og dei rammene, i tid, i rom, i tekstlengd og så vidare, liker eg godt. Teater er for meg i seg sjølv ei minimalistisk kunstform. Og eg er jo også ein slags minimalist. Slik sett passer jo scenen og eg godt saman, seier han. Men sjølv om forfattaren har vant seg til å nytte drama som ei ramme for tekstane sine, synest han eigentleg ikkje noko særleg om å gå på teater sjølv. Det synest han nemleg ofte blir keisamt. – Men eg trivst godt med å arbeide med teater, seier han. – Det kan vere einsamt å sitte for seg sjølv og skrive romanar. Romanen er ein veldig rein sjanger, den har berre ein forfattar, du gjev han ut og det er det. Med teater er det noko anna, det er ureint, nesten promiskuøst, seier han ivrig, og det er tydeleg at dette ikkje er noko negativt omgrep i denne samanhengen. – Når eg arbeider med teateret blir det som eit slags kollektiv, eit samarbeid mellom fleire partar, og det er noko som berre har gjort meg godt, seier han.

Føler seg trygg i regi av andre

Mange forfattarar misliker det når andre tek kontroll over tekstane deira i samband med utgjevingar eller oppsetjingar, men dette er noko Fosse har eit heilt avslappa forhold til:
– Eg føler meg på ein merkeleg måte trygg når stykka mine blir tolka av andre. Dei som arbeider med å setje opp tekstane mine er så profesjonelle at dei forstår korleis det skal gjerast, seier han. – Det er veldig sjeldan det blir dårlege oppsetjingar av stykka mine, men dersom det ein sjeldan gong skulle bli mislukka er det i så fall fordi dei som har ansvaret for oppsetjinga er amatørar. Og då kan ein vel kanskje sjå gjennom fingrane med det, seier forfattaren godmodig. Sjølv kan det nesten verke som om dramatikaren ynskjer å gøyme seg litt bort bak det ferdige produktet: – Var det Bergman som sa det, at 90 prosent av ansvaret for om ein produksjon blir vellukka eller ikkje har å gjere med kor gode skodespelarar som deltek, seier dramatikaren nesten blygt.

Populær i utlandet

Eit teikn på den særeigne statusen Fosse har opparbeida seg i utlandet, er at då den nyaste boka hans skulle gjevast ut, kom ho like godt ut først i Tyskland og så her heime. Det tyske forlaget hadde rett og slett bede Fosse om å skrive ei bok for dei, og då måtte boka, som på norsk har fått tittelen Det er Ales, (Das ist Alise på tysk) ta turen frå Tyskland til Noreg for å bli publisert på originalspråket. No er Fosse i gang med eit nytt prosjekt, eit bestillingsverk frå Deutches Theater i Berlin. Det skriv han på mens han sit på hytta si i Nordfjordeid og skuar utover havet. – Det har vore ein god sommar for arbeid, seier forfattaren og ler. – Før i tida då eg var ung likte eg betre å skrive på vintrane, men no er det så mykje som skjer resten av året at no er sommaren den beste tida. Men det er no kjekt med nokre godversdagar innimellom likevel, seier Fosse. Sjølv om han stort sett trivst i rolla som forfattar og dramatikar, har det likevel hendt at han har tenkt på å bytte beite. – Ja, det har nok hendt at eg har spurt meg kvifor eg vil meg sjølv så vondt, seier han med ein liten latter. – Nokre gonger blir ein berre lei det heile, og då kunne det kanskje vore freistande å finne på noko anna. Men det er vanskeleg å springe frå det å vere forfattar. Eg trur det er noko ein berre er, seier Fosse. – Du har det på ein måte tatovert inn etter ei stund. Og bøkene er jo der like fullt. Eg kunne jo ikkje sprunge rundt på biblioteka og henta dei tilbake heller, ler han. – Sånn sett vil eg alltid vere forfattar, same kva eg tek meg til her i livet.

Vart lei av å lese

Men sjølv om Fosse trivst med å skrive litteratur, føler han seg som lesar til ein viss grad metta på samtidslitteratur:
- Ja, då eg satt i det litterære rådet i Forfatterforeninga leste eg stort sett det som kom ut av norsk samtidslitteratur, og etter ei tid der fekk eg vel nok, så no les eg ikkje så mykje slik litteratur lenger. Det blir ikkje så mykje tid til lesing lenger, heller, diverre, men noko får eg då med meg frå tid til anna. I sommar har eg til dømes lest den nye biografien om Tsjekhov av Geir Kjetsaa, og dessutan nokre av dei korte stykka til Tsjekhov. Frieriet var eit av dei. Anbefalast på det varmaste, seier dramatikaren som er kjend for å la seg inspirere både av Tsjekhov og Samuel Beckett.