Nyheter fra Norges Litteraturskole

nyheter medieomtale fra idé til bok

last ned teksten(word;54KB)

Å skrive godt er ingen tvang
av: Anders A Fitje

Samtalens tynne tråd
Skriveerfaringer
Anders Johansen
Spartacus
Kjøp boken hos Bokkilden!

I Samtalens tynne tråd set Anders Johansen, professor i medie- og kulturhistorie, seg sjølv og si eiga skriving under lupa. Anders Johansen vil gjerne vite kva det er Anders Johansen eigentleg gjer når han skriv. Alt kan etterforskast: tankepraksisar, skikk og bruk ved lange og korte setningar, snarer og freistingar; alt som vedgår ein skriftmakar. Kan det han finn, også kome til nytte for andre skriftmakarar? Eg, frå Norges Litteraturskole, les og prøver å lære.

Korleis skriv eg

” Hva vil det si å skrive?” spør Anders Johansen i første setning. Forteljinga hans om skriving som handverk startar med eit stort, stort spørsmål; eit av dei største. Dei neste, korleis skriv ein?, og kvifor?, gjer det tydeleg at forfattaren har sett seg ned for å finne ut kva løyndomen bak skriving er. Forfattaren presiserer imidlertid tidleg, at det er for si eiga skrift han stiller desse spørsmåla. Dei svara han søkjer, vil ikkje gjelde for alle. Det er si eiga skrift, og sine eigne utgjevingar han har sett som emne, og dermed seg sjølv han har sett som prøveklut. Denne boka er, med andre ord, ei essaysamling.

Om å leite etter seg sjølv

Essayet handlar gjerne om å leite etter ei eller anna form, som mennesket kan uttrykkje seg sjølv i. Essayet får gjerne dette innhaldet, at det handlar om seg sjølv; homo quaestiones: det leitande mennesket. Så endeleg, tenkjer eg, her er nokon som kan fortelje om sjølve handverket, om sin skrivande praksis, og om kva det eigentleg vil seie, å skrive. Anders Johansen skriv mykje om sin eigen tekst Særoppgave. Livssyn. frå 1999. Korleis har han gått fram, og kva erfaringar har han hausta?

Å leite på ville vegar

Der eg likar Samtalens tynne tråd best, er der Johansen opnar opp for den frigjerande måten å tenkje på; når han med sin professoroversikt kan seie at ”selv finner jeg adspredelse i å snoke i fremmede bokhyller … jeg leter best når jeg får glemme meg bort og komme på villstrå.” Den som leitar, skal finne noko heilt anna. Og dette anna kan vise seg å vere vel så viktig for arbeidet som det ein fyrst såg etter. Slikt likar vi å få vite, vi likar å få vite at det går an å reise seg frå skrivebordet av og til, vekk frå den helvetes maskina, dette avsindig blanke papiret; gå ei runde på golvet eller to, kome attende på ny frisk og ha nytt pågongsmot og skrive meir.

Orden! Det må vere orden!

Tidleg vert det klart for meg at Anders Johansen og eg, slett ikkje er på same breiddegrad. For meg som skribent er det viktig å etablere ein ikkje liten grad av fridom for meg sjølv, også når det gjeld å skrive noko så i utgangspunktet stivbeint som eit fagleg essay. Anders Johansen skriv, litt strengt og reglementert, om unøyaktige setningar i essay han har professorisert over. Her er det ein uorden i språket som gjer at teksten og meininga vert uklår. ”Å skrive grammatisk konsekvent er å tvinge tanken til konsekvens.”

Eg kan ikkje fri meg sjølv frå å spørje om dette no er ein slik gylden regel. Kva slags tanke er det Johansen tenkjer på? Normtanken? Den uniformerte tanken? Tvangstanken? Kva skal ein så gjere med den rufsete, uregelmessige tanken som måtte dukke opp, på ein uordentleg og framfus måte; skal den ryddast vekk, i all sin uordentlege inkonsekvens? Stundom treng språket sjølv justeringar. Ein grammatikk er ikkje ein heilag orden, men noko som også må justerast, eit kart som kjem til etter terrenget, og, som alle reglar, er til for å brytast. Her skriv Johansen for og om studentane sine, men til alle som måtte ha behov for å skrive sine eigne essay - som er ei fri form, meir enn artiklar og avhandlingar - på sin eigen måte, kan eg ikkje seie anna enn ”nei og atter nei”, og ”ikkje gjer som professoren din seier!” Dessutan motseier han seg sjølv seinare i boka, i eit nytt essay. Her er han komen fram til at: [Ens stoff] må synes å ha i behold noe av den ubestemthet og ugjennomtrengelighet som kjennetegner ting og situasjoner i den fysiske verden”.

Korleis skrive

Det var noko av det eg ikkje likte. Det er elles mykje i denne boka eg likar, det er ikkje det. Anders Johansen skriv om ymse praktiske og upraktiske, konkrete, skrivepraksisar; om måtar å innrette seg på. Anders Johansen likar til dømes korte setningar. Det må han gjerne gjere. Eg for min del kan godt like korte setningar. Men samstundes likar eg lange setningar også, setningar som er heseblesande, ambisiøse, medrivande. Men ikkje for lange sjølvsagt. Johansen skriv båe delar, og beherskar båe delar bra.

Å fange sovande sjeler

Gro Dahle har skrive at ”en forfatter jeg vet om skrev fra klokken fem til seks om morgenen, for å fange sjelene til de som sover.” Kva for sjeler Anders Johansen vil fange er eg ikkje sikker på. Eg vert derimot meir og meir sikker på at det ikkje er lett, dette å skrive om å skrive. Eg vert brått svært usamd i alle reglar og satsar som vert lista opp for meg. Der ei slik bok som dette fungerer best, er når den listar opp gode bøker forfattaren har lest og blitt inspirert av, når Johansen siterer andre forfattarar som skriv godt. Lesetips er alltid velkomne. Skrivetips som desse derimot, vert eg skeptisk til, i alle fall når Johansen her latar som dei er allmenngyldige. Skriving er ei individuell synd, og bør dyrkast som alle individuelle synder; ærleg, entusiastisk og djupt personleg.

Du skal drive språk!

Ellers likar eg Anders Johansen når han kritiserer sitt eige fag, mediefaget. Mediefaget skal no verte eit danningsfag, og Johansen skriv om danning og fag som eit par av motsetjingar: ”Forsøket på å foredle elevene gjennom lesning av klassikerne gir avsmak for kulturarven for all framtid.” Tankevasene til Johansen fører han attende til dei gamle grekarane og til retorikken; den praktiske, pragmatiske retorikken, som også kravde kunnskapar og kjennskap til kunst og kultur, men i kraft av at dette var nødvendig for å forstå det den andre snakka om. Danning er kommunikasjon, kommunikasjon som kontakt, samhandling, utagering; samfunnsaktivitetar. Det må vere ein vilje til samtale som ligg bak alt saman. Ein må praktisere, lese, skrive. Ein skal drive språk!

Dette er ei fruktbar innsikt. Det den til sjuande og sist inneber, er individuell kritikk; vurderingar på eit personleg grunnlag. Dei gamle grekarane var individualistar. Språk må kritiserast og vurderast. Bøker må kritiserast. Men grunnen til at dette skal gje meining, er at det vert utført på ein personleg måte, som gjer at det betyr noko for ein sjølv.

Kommunikasjonen i samfunnet forutset ein høg grad av individuell fridom og eins eigen erkjenning av denne. Dermed fører den uniformeringa av tanken som Johansen går mot, motsett veg av der han vil, med sin eigen påkalling av retorikken.

Trongt språksyn

Difor er det også feilslått når han skuggeboksar mot den ”pretensiøse filosofien”; når han skriv at det ”å anstrenge seg for å meddele noe forståelig, mest mulig presist, er å forplikte seg [ovanfor fellesskapet].” Å velje å vere uklar er å ”fristille seg, å isolere seg.”

Eg synest ikkje denne omsorga ovanfor fellesskapet er rørande, snarare viser den ei belærande haldning, som i røynda er meir pretensiøs enn den filosofien, eller det språket, han angrip. Det er den individuelle fridomen som han støttar seg på, i ovanfor nemnde vilje til å samtale, som vert forstyrra i Johansen sitt krav om klare formuleringar. Språket; dette minelagde kvepsebolet av eit reiskap som vi no eingong har, er meir generøst, meir elastisk, og meir slitesterkt enn det han trur at vi trur det er. Det gjev rom for all mogleg bruk, også den undertrykte, den aggressive, og den hittil ukjende. Ironi og ambivalens er ikkje moteord, men eldgamle, retoriske verkemiddel som kan nyttast om att og om att, på fruktbare måtar. Individuell fridom krev at den tanken som uttrykkast, får rom å bevege seg i. Det som er strukturerande for Johansen, kan vere trangt og klamt for andre.

Vil ha strame liner, ikkje strame rammer

Den fridomen essayet ber bod om, forutset ei høg grad av toleranse hjå lesaren for utprøving og for tabbar. Essayet balanserer på stram line når det gjeld å feile og falle i språket. Difor er essayet meir utsett for kritikk, og når det feilar, utan sikkerhetsnett i større grad enn andre stilartar. Høge ambisjonar krev høgde under taket, og gjev større fallhøgde. Og slik bør det vere; det må berre finnast rom for feil; rom å feile i, og høgder å falle frå. Fiaskoane vert gløymde, suksessane – dei originale – viser oss nye balansekunstar. Det er alltid interessant når nokon freistar å skrive om sin eigen skrivemåte. Dessverre opplever eg at skrifttankane til Anders Johansen fører essayet inn i trongare rammer enn han sjølv ynskjer, og eg sjølv ynskjer. Ein får kjensla av at det berre er dei skikkelege og ordentlege skribentane Johansen vil ha; dei som ikkje tullar og tøysar. Når alt kjem til alt verkar denne innstillinga – trass i all vilje til å lære bort – innsnevrande og undertrykkjande.