Nyheter fra Norges Litteraturskole

nyheter medieomtale fra idé til bok

last ned teksten(word;28KB)

Ja, kva er no eigentleg litteraturvitskap?
av: Anders Fitje

Hva er litteraturvitenskap
Erik Bjerck Hagen
Universitetsforlaget
Kjøp boken hos Bokkilden!

Inspirert rapport frå den litteraturvitskaplege plaskedammen, der ulike filosofiske idèar og teoretiske metodar sprellar frimodig i alle retningar

Kva gjer litteraturvitskapen?

På side åtte gjev Erik Bjerck Hagen oss eit inspirert svar på spørsmålet kvifor litteraturvitskap:

”De beste [litteraturvitenskapelige kommentarer] vil virke nesten selvinnlysende, fordi de berører våre dypeste intuisjoner om verkene det gjelder, og samtidig overraskende, fordi de får oss til å se noe vi ennå ikke hadde sett i verkene, iallfall ikke med en tilsvarende tydelighet.”

Litteraturvitskapen trengst altså, fordi den er både helande (berørande), og augeopnande. Den har dermed ein grunnleggande samfunnsnyttig funksjon: den serverer oss både profetar og handspåleggjarar. Det er det den gjer, altså.. Men kva er så litteraturvitskapen?

Slik Bjerck Hagen ser det, er litteraturvitskapen ikkje minst fridom: innanfor sin disiplin står litteraturforskaren fritt til å velje sin eigen metode og sin eigen innfallsvinkel.

”Litteraturvitenskapen utgjør et felt bestående av ikke bare uendelig mange litterære tekster, men også et nesten like stort antall begreper, spørsmål og problemer i stadig bevegelse.”

Det er eksemplarisk at Bjerck Hagen tek tak i dette symptomet ved litteraturvitskapen med ein gong: Det er lite som tyder på at den er ein vitskap i lineær framgong, eller at den har ei enkelt felles overflate der det føregår ein nokolunde einsarta diskusjon. Tvert imot:

”[Det er] liten fare for at litteraturvitenskapen noen gang kommer ut av sin egen uoverskuelighet, eller at litteraturvitere vil bli enige om å bygge opp faget fra grunnen av med et sett ubetvilelige påstander. Jakten på visshet er gitt opp…”

Navlevitskapen

Så er situasjonen, eller situasjonane, fastslått: litteraturvitskapen kjem aldri til å lande på månen, men den har i seg potensiale til å påverke måten vi les eit litterært verk på. Den er sterkt skeptisk til orda sanning og framsteg, og unnser seg ikkje for å kritisere grunnleggande systematiske eller totaliserande retningar. Oftast reagerer den sterkast mot teoriane den har sprunge utifrå, og den forsøker konstant å ta livet av sitt opphav. Korleis skal ein skrive ikkje-inkvisitorisk, sakleg og beherska om slik ein opprørsk og uregjerleg vitskap?

Synspunktet til Erik Bjerck Hagen er ærleg. Han skriv at

”Enkeltforskeren er den sentrale aktør i litteraturvitenskapen, og hans jakt på originale formuleringer er den sentrale aktivitet.”

Hva er litteraturvitenskap freister ikkje å vere ei uttømande faghistorie, men studerer hovedtrekka ved nokre av dei mest sentrale enkeltståande fenomena som har prega vitskapen opp gjennom åra. Fenomena kan anten heite nykritikk eller Jacques Derrida, og Bjerck Hagen deler boka inn i kapitla verket, selvet, tolkningen, livet og litteraritet og kvalitet. Det vert lagt vekt på at det er ein sterkt subjektiv disiplin det er tale om her, og mykje av boka kretsar rundt punktet der den enkelte litteraturvitaren møter teksten med sin eigen subjektivitet. Fortolkinga er sjølvsagt dette sentrale punktet, og Bjerck Hagen viser korleis ulike forskarar / kritikarar les eit verk som King Lear. Eksemplarbruken av sterke lesarar som Harold Bloom, Janet Adelman og Stanley Cavell viser oss at eit av dei viktigaste tinga litteraturvitskapen gjer, er å vise oss kvaliteten på den subjektive, men beleste og velbegrunna oppfatninga av ein tekst.

Gode lesingar

Erik Bjerck Hagen er sjølv ein slik lesar. Boka har gode tolkingar av dikt av Tor Ulven, Wallace Stevens og Olav H. Hauge, utvilsamt personlege favorittar. Slik får også boka ein performativ verknad: ein ser kva ein god lesar kan gjere. Bjerck Hagen klarer å bruke sine eigne lesingar som periodiske døme på typar av lesingar. Han plasserer seg sjølv inn i rekkja av pragmatistar som William James og John Dewey, og set ofte litteraturen inn i ein større, kontekstuerande samanheng: lesaren si erfaring av teksten slik den framgår i samfunnet med historisk verknad, kritikk og debattar, vert lagt større vekt på enn l’art pour l’art, ein ser på også på verknadshistoria, og ikkje på teksten berre som tekst.

Partisk og upartisk

Denne sida av Hva er litteraturvitenskap; dette at boka krengar over til pragmatismen, som får god plass i teksten, har både fordelar og ulemper. Eit pragmatistisk syn på historia, som ein kjenner den til dømes frå ein innflytelsesrik tenkjer som Richard Rorty, har ein tendens til å setje hendingar og retningar i eit relativistisk lys. Til dømes har den tradisjonelle nedrakkinga på den historisk-biografiske metoden frå Hippolyte Taine, Saint-Beuve og i Noreg Francis Bull, blitt modifisert med andre og mindre tendensiøse betraktingar av verket sett i samband med liv og kjensleliv til forfattaren. Dette er forfriskande, men det gjer også heile den historiske gjennomgongen av litteraturvitskapen noko harmlaus og tannlaus. I staden for å ta avstand frå ein del uheldige retningar og filosofiar, står Bjerck Hagen i sin iver etter å gå i rette med tidlegare kritikkar av dei same, i fare for å nivellere litteraturvitskapen med ei alle-er-like-gode ja-ja-det-var-den-gong-haldning. Det har skjedd framgong innan disiplinen, i den forstand at eliminasjonsmetoden er nytta for å ta avstand frå usaklege og kritikkverdige retningar som den historisk-biografiske metoden, futurismen og den rigide marxistiske lesninga, og i den forstand at det ligg innbakt i livsgrunnlaget til eikvar tenkjande retning å ville ta livet av opphavet sitt. Her vert boka vassen og nivellerande, noko den ellers ikkje er.

Bedriving av sentral litteraturvitskapleg aktivitet

På sitt beste er Erik Bjerck Hagen når han skriv om Tor Ulven i kapittelet om litterær kvalitet: det mest problematiske, men også av det mest spanande innanfor denne uvitskaplege vitskapen er talen om smak og bedømming av kvalitet, eller mangelen på slik. Bjerck Hagen er glad i Tor Ulven, men han har også auge for dei dikta hans som han meiner ikkje lukkast like godt. Å begrunne kvifor ein ikkje likar noko, og å begrunne det godt, er oppgåva til ein meister. I dette kapitlet sirklar Bjerck Hagen inn noko av det som bestemmer kva som gjer litteratur til litteratur, og dei problema slike faktorar skaper. Deretter vert dette nytta i lesingar av Wallace Stevens og Tor Ulven.

Her kjem dette til syne, dette som gjer litteraturvitskapen fruktbar, og det som trengs for å utøve den sentrale litteraturvitskaple aktiviteten Bjerck Hagen postulerer ovanfor: ei original, personleg legering av fagleg tryggleik, eigen smak og fascinasjon for litteraturen det gjeld. Ikkje minst i lesinga av tre dikt av Wallace Stevens viser denne amalgameringa seg, og eg kan ikkje unngå å sukke for meg sjølv og ynskje at slike lesingar skulle dukke opp oftare i norske offentlege media. Det er den inspirerte kritikken, om den er positiv eller negativ, som er den beste reklamen for litteraturvitskapen. Og det er den uinspirerte kritikken som gjer at ein blar om og les sportssidene i staden.