| |
Nyheter fra Norges Litteraturskole
last
ned teksten(word;54KB)
|
Norges Litteraturskole
manusutvikling
litteraturformidling
tekstarbeid
|
Eco frå labyrinten
av: Anders Fitje
Umberto Eco
Om litteratur
Essays
Tiden 2004
Om ein skulle vurdere denne boka moralsk; moralsk i den forstand at den skal verke som døme og rettesnor for alle som er interessert i lesing og skriving, ville denne boka falle til jorda, henvist til skammekroken. Den må også tåle skuldingar om masturbering. Likevel kan den trygt anbefalast til andre.
Eco om Eco
På omslaget av denne boka står det: ”Om litteratur er en essaysamling for alle som vil vite mer om det å lese og det å skrive”. Og kven vil ikkje vite meir om det å lese og det å skrive? Til denne gruppa menneske kunne ein rekne store delar av verdas vaksne befolkning, og ein heil del unge. Men la det ikkje vere tvil; i denne boka får ein vite aller mest om korleis Umberto Eco les og skriv.
Umberto Eco er ei akademisk stjerne, ja, når ein skal finne akademiske stjerner (iallfall innan litteraturvitskapen) er det få som skin klarare enn han. I tillegg til å vere professor i semiotikk ved universitetet i Bologna, ein litteraturvitskapleg disiplin som han også er teoretisk grunnleggar av, er han ein renommert kjennar av middelalderen, ein framgangsrik skjønnlitterær forfattar, og iallfall i Italia, ein pionèr innanfor tv-mediet.
I tillegg er han ein hyppig skrivar og utgjevar av essays, ein sjanger som eignar seg ypparleg til det Eco mest av alt er interessert i, gransking av seg sjølv og sine eigne interesser. No er det ikkje slik at det Umberto Eco er interessert i, er uinteressant for alle andre. Om litteratur er ei samling essays som er omskrivingar av foredrag heilt frå 1980, rett nok flest frå nittitalet og fram til 00-talet. Han skriv om Dante, om aforismar, særleg hjå Oscar Wilde, om Babels tårn, om symbolet, og han kritiserer Aristoteles sin Poetikken. Han skriv om falskneriar og konspirasjonsteoriar frå middelalderen til våre dagar, om pro-amerikanismen i det italienske åndsliv under og etter krigen, for dei som måtte lure på det fanst noko slikt, og til slutt skriv han nærgåande om korleis romanane hans er blitt til.
Teiknet for Umberto Eco
Om ein skulle finne eit symbol, eit teikn som skulle stå i staden for ”Umberto Eco” skulle ein bruke spegelen. Spegelen er eit fenomen som Eco er ustanseleg og sjølverklært oppteken av. I eit essay som ikkje står i denne boka, Om speil, skriv han:
Denne virtuelle fordobling av stimuli (som i visse tilfeller fungerer som om det var en fordobling, av min kropp som gjenstand, og av min kropp som subjekt som spaltes og konfronteres med seg selv), dette rovet av en annens bilde, denne kontinuerlige fristelsen til å se på meg selv som en annen; alt dette gjør speilopplevelsen til en helt enestående erfaring, på terskelen mellom sansning og mening. Det er nettopp fra denne absolutte ikoniske erfaringen at drømmen om et tegn med de samme egenskaper oppstår. *
”Drømmen om et tegn med de samme egenskaper”; rundt denne draumen har Umberto Eco bygd sin semiotiske labyrint. Det Umberto Eco skriv om, reflekterer hans eigne interesser, og essaya hans om lesing og skriving er refleksjonar omkring det han sjølv har lese og skrive, ikkje minst som forfattar av Rosens navn, Foucaults pendel, Øya fra dagen før og Baudolino.
Eco si interesse for teiknsystema i middelalderen, labyrintar, fiksjonelle og verkelege språk er hyppig til stades i essayskrivinga hans. Likeeins fascinasjonen for andre som har labyrintaktige språk: Joyce og Borges, og det evige idealet Dante som i sin labyrint danna sitt eige og for den del Italia sitt språk: basert på den florentinske dialekten, i staden for latin. For Eco er det Dante som fyller middelalderen med lys, og frå dette lyset utviklar den middelalderske optikken seg i, saman med speglane og refleksjonane. Til slutt vert essaya så spegelaktige at det vert vanskeleg å halde dei frå kvarandre. Tema som vender attende kolliderer: Umberto Eco er ein semiotikar som studerer ein forfattar av språklege labyrintar som heiter Umberto Eco, eller var det omvendt? Denne dialektikken vert til ein spiral, og til slutt er det ikkje godt å seie om Eco skriv romanar for å kunne drøfte dei som teiknsystem etterpå, eller om han studerer tekstlabyrintar for å kunne skrive romanar.
Er dette nyttig for andre enn han sjølv? Rett som det er får ein kjensla av at Eco skriv mest av alt om seg sjølv, for seg sjølv. Stundom er han i sin fulle rett, og i essayet Borges og min angst for påvirkning er han sitt eige tema på oppfordring, sidan det er skrive som eit innlegg ved ein konferanse om Borges og Eco. Og han innleier med: ”Jeg har alltid ment at man ikke bør invitere hjertepasienter til kardiologiske kongresser”. Kan denne boka vise veg for andre som les og skriv; er dei lærerike for andre enn han sjølv?
Masturbering som fruktbar metode
I essayet om sin eigen romankunst nemner Eco i ein digresjon ”en frekk bladsmører som definerte [Øya fra dagen før] som masturbasjon og ingenting annet. I all sin plumphet traff han blink uten å være klar over det selv..” og det må seiast at den som har lest dei føregåande essaya her lett kan få eit stikkord til å stikke forfattaren med, han som sit framfor spegelen, ”denne virtuelle fordobling av stimuli..., denne kontinuerlige fristelsen til å se på meg selv som en annen”.
Grunnnen til at ein i denne essaysamlinga lett kan sjå på Eco som ein forfattar som ikkje alltid sit med båe hendene på tastaturet, er at han litt for ofte kjem attende til sine eigne hjartesaker. Rett nok er det ein stor spiral; han har mange interessante tema han er oppteken av. Men rett som det er får ein ei påtrengande kjensle av at han gjer det lett for seg. Rett som det er kjem kjensla av å ha dumpa for seint inn på ei forelesing for tilhøyrarar som kjenner temaet, og som er innforstått med bakgrunnen for det han snakkar om. Ein del av essaya er då også foredrag skrivne for italienske og spanske lesarar. Av dei lettast tilgjengelege essaya er faktisk eit som handlar om italiensk pro-amerikanisme, skrive for amerikanske tilhøyrarar.
Denne tendensen til å tilfredsstille seg sjølv er likevel ikkje utan interesse. I det avsluttande essayet Hvordan skriver jeg kjem det til syne korleis Eco bruker heile sitt univers når han skal samle seg om romanen. Han klagar over det meiningslause i spørsmål som: skriv han med penn, eller på pc?
”Når man dag for dag må bygge opp en verden, når man må prøve ut utallige tidsstrukturer, når de handlinger romanpersonene utfører eller bør utføre ifølge alminnelig logikk eller de narrative konvensjoners logikk (eller i strid med disse konvensjonene), må tilpasses begrensningenes logikk (med stadige ombestemmelser, strykninger, rettelser), da finnes det ingen ensartet måte å skrive en roman på” .
Umberto Eco sin metode å skrive roman på er den strengt detaljfikserte sin metode. Han reiser rundt til stadene han skriv om, klokkar inn tida det tek å tilbakelegge ymse distansar, går igjennom historiebøkene, går til kjeldene. Han systematiserer, lagar kartotek, teiknar portrett, kart og oversikter. Kunne ein professor i semiotikk gjere det annleis? Når han er ferdig med å katalogisere den verda han har funne opp, vert skrivinga nærast ein rekonstruksjon.
Når teiknet i seg sjølv betyr så mykje, krev så nitid planlegging, og skal vere så historisk etterretteleg, kan ein undre seg på om han vil rekke å skrive ferdig ein roman. Han bruker fem år på å skrive ein. Men han har skrive fire så langt og let seg ikkje stoppe. Eco gjer systematisering til kunst, slik ein gjorde det i middelalderen, og struktur og ornamentikk gjev meining. Form og innhald speglar kvarandre.
Om nytteverdi
Kan den som sjølv skriv, lære noko om korleis Eco utformar eit verk? Det synest eg; rett nok mest for den som skriv roman, eller i det minste prosa. Men dette er det jo ein del av, og for den som er glad i bøker vil det vere rørande å lese om sorga Umberto Eco kjenner når ei bok er ferdig. For diktaren, for den som skriv dikterisk kortprosa, for den som får sin inspirasjon frå sitt indre, for den som skriv frå sitt eige nærmiljø, og for den som vil skildre si samtid og seg sjølv, vil nok denne boka vere lite eigna som læremiddel. Men for den som vil vite meir om teiknsystem, og om tekstar frå middelalderen, er her mykje visdom å hente. Når ein har med eit fenomen som Umberto Eco å gjere, får vi sjølve sjå korleis ein ekspert på andre sine teiknsystem utarbeider sine eigne. Om ikkje anna vil ein få inspirasjon til å lære meir, lese meir. Sjølv om ein mest av alt lærer om Umberto Eco.
* Frå essayet Om speil, frå Umberto Eco: Den nye middelalderen, Tiden 2000 s. 209.
|