Nyheter fra Norges Litteraturskole

nyheter medieomtale fra idé til bok

last ned teksten(word;53KB)

Skriftbitar frå litteraturens randsone
av: Anders A. Fitje

Henning Howlid Wærp (Red.):
Prosadiktet i Norge. En Antologi
Aschehoug 2002
Kjøp boken hos Bokkilden!

Med Prosadiktet i Norge. En Antologi, har prosadiktet fått ein stad å vere. Henning Howlid Wærp har redigert ei imponerande sterk samling, der prosadiktet får lov til å vere ein eigen sjanger. Som skjønnlitterært uttrykk framstår prosadiktet ofte som fragmentert, uroleg, slentrande. Det står kanskje nærare oss sjølve i vår eiga tid, enn nokon anna form for litteratur. Og kanskje må prosadiktet vere udefinert, skal det seie noko ekte om verda og om oss som er i den.

Kva er prosadikt?

Prosadikt. Prosa. Dikt. Ikkje lyrikk, ikkje roman, ikkje noveller, heller ikkje drama. Men restar av alt dette, bitar, fragment: prosadiktsjangeren er ein bastardsjanger, ein tekst det er vanskeleg å definere, skjønnlitteratur i randsona. Henning Howlid Wærp, redaktør for denne antologien, skriv at prosadikta er marginaliserte. Og det er dei. Dei er tekstbitar, flytande i margen, noko anna. Noko sært. Utanfor Tradisjonen.

Wærp har samla eitt hundre av desse ”marginaliserte” diktarane, slike som Hamsun, Obstfelder, Jan Erik Vold og Jon Fosse og dikta deira, i denne aller fyrste norske samlinga av prosadikt. Samlinga går kronologisk, etter når forfattarane har debutert, og Wærp demonstrerer allereie i innhaldsforteikninga at spennvidda og variasjonen er stor. Han skriv at prosadiktet er lite antologisert i Noreg; få har interessert seg for det, og lite er skrive om det. Vi veit no, for det vert oss fortalt, at forlagsredaktørar helst fråråder forfattarstudentar å skrive prosadikt! Tradisjonen og parnasset står altså steilt i mot det, likevel er prosadiktet hjarteleg til stades i blant oss, særleg sidan Wærp bedyrer at han frå sekstitalet og utover har måtta begrensa seg til berre å innlemme dei forfattarar som har skrive meir enn fire prosadikt. Slik det gjerne er med bastardar, er prosadiktet kome for å bli.

I eit kort etterord skisserer kort Wærp opp prosadiktet si historie. Det oppstår med prosadikta til Baudelaire: Petits Poèmes En Prose (1869). Kring 1890 er det i ei rivande utvikling, då det blømer for fullt. No er vi midt i modernismen: alt som tidlegare var bestandig og tradisjonsrikt, løyser seg opp. Maskinene kjem, fleire og fleire, og mennesket kjenner seg ute av tida, ikkje lenger omgjevne av det same gamle. Ting går fortare. Tradisjonar og reglar verkar uverkelege, og den moderne tida trykkjer seg for alvor mot den gamle, som knirkar i samanføyningane. Det er tid for å oppløyse sjangrar.

Frå ung ekstase til eldre ettertanke

Det må vere naturleg å skrive prosadikt i denne tida. For å vere på den sikre sida er det nok best å drikke absint og hallusinere, drøyme, eller sverme, som Hamsun. Inderleg, med Vilhelm Krag eller Sigbjørn Obstfelder, eller Olav Aukrust. Språket er drøymande, svulmande, himmelstormande. Seinare, gjennom krigane, veks prosadiktet til. Det tørkar opp og vert meir nøkternt. Diktet vert gjerne mindre i omfang, men eksperimentelt enno i våre dagar, slik at prosadiktet gjerne berre vert kalla ”ein annan type tekst enn dikt”.

Å definere eit prosadikt

Kva er så eit prosadikt? Verken dikt eller prosa, eller både og, for språket er fortetta og teksten er kort, som i diktet, men prosadiktet har ofte heile setningar, som i ein prosatekst. Det språklege innhaldet liknar imidlertid lite på den prosaen vi kjenner frå novella eller romanen. Her er få personar, og lite intrige eller spaningskurve og den slags prosaiske innslag. Snarare liknar språket på det som er i eit dikt, det er ofte eit eg, eit lyrisk eg, som ser, og undrar seg og reflekterer.

Slik prosadiktet står fram i denne antologien, får det etter mi meining, her eg sit med 110 års oversikt i fanget, gjerne preg av å vere ein tekst utriven frå tida, eit fragment. Ein diktar har stogga opp, tenkt seg om, skrive ned noko og gått vidare. Slik ein diktar skal gjere. Men tankane er i ei form som alltid er i endring, noko som på 1890-talet må ha verka forlokkande på dei som ville rive seg laus frå den etablerte, stivna diktforma.

Ein kjem likevel ikkje unna at diktstilen, det lyriske språket, regjerer i prosadikta; det er vel difor dei vert kalla prosadikt og ikkje diktprosa. Språket er fortetta, med ei eintydig, gjennomført stemning. Med det lyriske eg’et kjem det ofte fram eit underliggande ynskje om å uttrykkje noko essensielt, noko ekte om verda, ein essens; noko eigentleg.

Eigentleg-sk

Og det er dette eigentlege, tenkjer eg meg, som endrar seg hovedsakeleg med prosadikta; ein gong på 1900talet endrar dette lyriske eigentlege seg og vert veldig moderne; ein plar ofte seie at dette skjer med Paal Brekke, men dette verkar ikkje så tydeleg i denne prosadikt-samanhengen; på den andre sida slår Howlid Wærp fast at det er Jan Erik Vold som gjev ut den fyrste heile prosadiktsamlinga. Men for meg kjem denne endringa av det lyrisk eigentlege sterkast og tydelegast fram fyrst hos Gunvor Hofmo, med prosadiktsamlinga Gjest på Jorden i 1971. I denne samlinga har ho mellom anna dette diktet, Hjem:

Hjem

Du skal reise. En utålmodighet er over veiene, over plenene, over sjøen dernede. Du haster gjennom tingene. Ingen ting holder deg fast lenger. Veien til landhandleren, til postkontoret er uten vemod. Utålmodigheten over alt hvisker: hjem. Hjem til den stygge gule gården, den grå gaten. Hjem til din virkelige eksistens. Trange værelser der de gule lysene over gaten får deg til å føle deg underlig nær ditt eget centrum. Klassen der ditt opprør skaper ringbølger. Du hater all autoritet. En ond kamp der du går på med en ensomhet som står stille mellom knaggene med yttertøy ute på gangen, der du som oftest står.

Sjølvsagt er dette eigentlege, dette ynskjet om å uttrykkje noko ekte om verda, til stades overalt i litteraturen. Men med prosadiktet kjennest dette ynskjet sterkare, ein ser dette ynskjet tydelegare. Det ligg noko ærleg i dikt på prosa, det er ikkje kunstferdig og forgjort som diktet. Der prosadiktet før Hofmo ofte var prega av inderleg naturmystikk og svermeri, verkar det hjå henne å vere nødvendig å utheve det prosaiske, som i dette diktet. Ho utvidar området for poetisk utheving, ho legg trykket andre stader, nye stader. Alt kan skildrast, alt kan verte litteratur. Ordbokdefinisjonen av prosaisk er: upoetisk, lite spennande, kvardagsleg, keisam, triviell. Slik verda er. Men prosadiktet er verken lite spennande, eller keisamt. Derimot kjennest det viktig og nært. I prosadiktet kjem kvardagen fram, men ikkje oppstylta og stiv. Prosadiktet diskriminerer ikkje. Heretter kan prosadiktet på norsk også vere ekte prosaisk, ikkje berre diktkjensler i prosa.

Lite konkret

Wærp gjer ikkje noko forsøk på å finne ein tydeleg, samlande definisjon av prosadiktet, verken i etterordet eller diktarbiografiane som følgjer kronologisk mellom dikta. Om dette er fordi han ikkje torer, eller om det er av eit ynskje om å setje prosadiktet ope, som ein stad for eksperimentering, skal vere usagt. Men det er ikkje berre bra om ein seier at alt er lov i prosadiktet, det vert ein måte å ufarleggjere det på. Det er kanskje difor prosadiktet enno blir sett på som noko uferdig i skjønnlitteraturen: symjeøvingar før den store distansen med Romanen, eller den Ordentlege Novellesamlinga. Prosadiktet betyr ikkje så mykje, liksom. Dette er ikkje diktinga si skuld, det er heller slik at det har fått for få, oppmerksame lesarar, for liten plass i det offentlege. Truleg har Wærp rett i at det ikkje er prosadiktet som treng fornying, men resepsjonen av det.

Enno har ikkje prosadiktet fått sin vitskap, sin hermeneutikk å snakke om. Men det har fått eit referanseverk, ein stad å vere. Med denne antologien som Henning Howlid Wærp har redigert, har vi fått eit solid overblikk. Så er det berre å gå lenger inn i underskogen av dikt som ikkje er med her, og lese, utforske.