Nyheter fra Norges Litteraturskole
last ned teksten(word;36KB)
|
Norges Litteraturskole
manusutvikling
litteraturformidling
tekstarbeid
|
Eit akademi for skrivekunst
av: Rolf Sagen
Rolf Sagen er forfatter. Han etablerte
i 1985 Skrivekunstakademiet i Hordaland (www.skrivekunst.no). Essayet
ble første gang trykket i Skrivekunst – Skrivekunstakademiet
i Hordaland 1985-1995 Rolf Enger og Finn Øglænd (red)
Eide forlag, Bergen, 1995. Publisert etter tillatelse fra forlag
og forfatter.
Franz Kafka: «Kunsten har mer bruk for håndtverket
enn håndtverket for Kunsten. Jeg er naturligvis klar over
at man ikke kan tvinge seg selv til å føde; men i hvertfall
til å oppdra barna.»
Malarane hadde det. Musikarane hadde det. Alle andre
hadde utdanningsinstitusjonar, men dei skjønnlitterære
forfattarane, diktarane, hadde det ikkje. Kvifor? Og dessutan: Kan
ein eigentlig lære å bli diktar? Vi har høyrt
mange vidløftige forklaringar på kvifor det tok så
lang tid før forfattarane fekk sine skular. Enkelte har framheva
det skrivne ordet sin høge prestisje, og det romantiske synet
på diktinga som noe gudgitt. Slikt skulle ein ikkje tukle
med. Det kan vel være noe i dette, men slik det ser ut for
meg, er årsaka meir triviell.
For at ein institusjon av denne typen, og for så
vidt dei fleste andre typar utdanningsinstitusjonar, skal oppstå,
er det tre føresetnader som må vere oppfylte: Det må
for det første vere tilstrekkelig mange som ynskjer seg undervisning
av dette slaget. Dinest må det finnast folk som sit inne med,
og som ynskjer å dele sine kunnskapar og ferdigheter med andre.
Og, sidan vi lever i eit land med blandingsøkonomi og høg
grad av offentlig finansiering, må det vere ein eller annan
offentlig instans som er viljug til å betale det ein slik
institusjon kostar. Her må altså vere både ei
brukarinteresse, ei profesjons interesse, og ei politisk interesse.
Brukarinteressa har vel vore der så lenge
vi har hatt skriftspråket. Men når det har tatt så
lang tid før vi fekk institusjonar av denne typen, har det
samanheng med at profesjonsinteressene og den offentlige eller politiske
interessa lenge, og av forståelige grunnar, har vært
svak. Det er i det minste min påstand.
Om det hadde funnest ein forfattarskule i vårt
land for hundre år sidan, ville det trulig ikkje vore vanskelig
å fylle opp plassane med begava diktarspirer. Men ein slik
skule fanst altså ikkje, og forfattarane måtte bli autodidaktar
anten dei ville det eller ikkje. Sidan, når desse autodidaktane
fekk publisert det dei hadde skrive, og dertil kunne leve av sin
kunst, miste dei naturlig nok interessa for undervisning.
Mange av forfattarane som verka i slutten av førre
og byrjinga av dette hundreåret, levde dessutan godt av sin
kunst. Eller rettare sagt av sin royalty. For den gongen var prisane
på bøker forholdsvis langt høgare enn i dag,
og royaltyen reknast som kjent i prosent av bokprisen. Ein kan vel
forstå at desse forfattarane ikkje nettopp såg det som
noen hovudsak å lære opp nye konkurrentar i næringa.
Skulle til dømes Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas
Lie, Henrik Ibsen, eller Knut Hamsun ... nei. Henrik Wergeland,
Johan Sebastian Welhaven derimot, og Alexander Kielland, kunne vel
tenkt tanken, men dei fekk Seg andre jobbar.
I løpet av det siste hundreåret har
bøkene vorte forholdsvis langt billigare, utan at dette er
blitt kompensert tilstrekkelig med større sal. Den vanlige
forfattar får ikkje meir enn eit par månadsløner
for ein roman. Dei same forfattarane har heller ikkje vore i stand
til å organisere sin faglige interessekamp på ein slik
måte at dei har makta å presse opp prisen på arbeidet
sitt, slik andre som arbeider i dei grafiske faga har gjort. I dag
er det bare dei som arbeider med trykking, utgiving og sal som kan
leve av bøkene, ikkje dei som skriv dei.
Forfattarar flest har lenge måtta sjå
seg om etter andre inntektskjelder. Ei av desse kan vere undervisning
for eksempel i skrivekunst. Samstundes har forfattarane saman med
andre kunstnarar forsøkt å få politikarane i
tale, for etter kvart som marknadskreftene meir og meir synte seg
uskikka til å ta vare på den verdfulle kunsten, måtte
kulturpolitikken inn i bildet.
Midt på 60-tallet fekk vi difor Kulturfondet
som mellom anna ga grunnlag for innkjøpsordninga for norsk
skjønnlitteratur. Vi fekk omlag samstundes fleire større
arbeidsstipend til erstatning for dei gamle diktarlønene
som no var oppspiste av inflasjonen. Diktarane kom ikkje akkurat
på fast løn, men på mange måtar tok dei
til å likne sine forfattarkollegaer ved universiteta. Heller
ikkje filosofar, filologar og historikarar kan leve av skriftene
sine, men det dei skriv meritterer, som det heiter. Skrivinga blir
eit slag indirekte økonomisk grunnlag. Avhandlingane gir
ikkje større inntekter, men dei gir tilgang til posisjonar
og bra betalte stillingar.
Alt i dei første etterkrigsåra tok Den
norske Forfatterforening til orde for at forfattarane skulle få
ei særlig forfattarutdanning. Det ville naturligvis også
føre til at røynde forfattar kunne bli lærarar
for dei unge og urøynde på same måten som filosofar,
historikarar og andre forskarar gjer ved universiteta, eller som
malarane gjer det ved kunstakademia. Det er ingenting nytt ved dette.
Det spesielle med diktarane er at dei lenger enn dei andre har klart
å leve av marknaden. Heilt slutt er dette ennå ikkje.
For dei stadig færre forfattarane som kjem ut i opplag store
nok til å leve av boksalet, er undervisning og andre tenester
av mindre interesse. Men for dei aller fleste forfattarar høyrer
no både statlige stripend, undervisning, foredrag og opplesingar
med til det viktigaste inntektsgrunnlaget.
Skrivinga er snart det som betyr minst i den samanhengen.
Ei tilsvarande utvikling har vi hatt i alle dei skandinaviske landa,
og ser vi til andre verdsdeler, til dømes USA, oppdagar vi
at det å undervise i skrivekunst lenge har høyrt til
diktarane sitt viktigaste levebrød. Her i landet var trulig
både dei nødvendige brukarinteressene og profesjonsinteressene
til stades alt på 50 og 60-talet, men den nødvendige
politiske viljen til å gi forfattarane ein lærestol
var framleis ikkje sterk nok. Det skulle difor ennå ga mange
år før vi fekk det første organiserte utdanningstilbodet
for forfattarar i Norge.
Midt på 60 talet tok Borten regjeringa over
etter nesten samanhengande Arbeidarpartistyre heilt sidan krigen.
Dette blei byrjinga til eit lite systemskifte. Desentrealisering
blei eit honnørord i politikken, og distriktsinteressene
gjorde seg no sterkare gjeldande både i regjeringa og på
Stortinget. I 1968 vedtok Stortinget å opprette universiteta
i Trondheim og Tromsø, og året etter vart dei tre første
distriktshøgskulane opna. Mellom desse var Distriktshøgskulen
i Bø i Telemark. I 1976 fekk vi også ei desentralisering
av den politiske makta fra staten til fylka. Vi fekk det som er
blitt kalla «Den nye fylkeskommunen» med mellom anna
direkte val til fylkestinga. Samstundes blei det bygd opp ein ny
fylkesadministrasjon, og heilt nytt var at vi fekk ein eigen kulturadministrasjon
i fylke og kommunar.
Både distriktshøgskulane, dei nye universiteta
og den nye kulturadministrasjonen var, naturlig nok, opne for nye
oppgåver. Her blei rom for initiativ og nye utdanningsmål.
Det var klondikestemning i utdanningssektoren.
Medan forfattarane i over tretti år hadde
tala for døve øyrer om forfattarutdanning, var her
no dukka opp nye lydhøyre interesser. Dei ærverdige
gamle universiteta hadde vel ikkje det same behovet for å
vere oppfinnsame. Difor er det slett ikkje så merkelig at
det nettopp blei ein distriktshøgskule som først opna
for eit utdanningstilbod for diktarar. Distriktshøgskulen
i Bø og Den norske Forfatterforening blei samde om eit samarbeid,
og vi fekk det første halvårige forfattarutdanningskurset
i 1982.
Profesjonsinteressene hadde altså klart å skaffe seg
allianse med ei regional politisk interesse.
Og brukarane var der straks! I Hordaland har vi ingen
distriktshøgskule, men i 1976 fekk vi altså ein ny
kulturadministrasjon knytt til fylket. Denne administrasjonen var
først på 80 talet framleis under oppbygging. Her var
ledige ressursar, og ikkje minst openheit for nye tankar og visjonar.
Gode idear var framleis velkomne. Og helst, Sjølvsagt, noe
som var eigna til å markere og profilere etaten og regionen.
Då eg i 1984 første gong tala med Aasmund
Mjeldheim, kultursjefen i Hordaland, sa han heilt uoppfordra at
etaten hans hadde funne fleire måtar å stø opp
under lokale kunstnargrupper på, men akkurat når det
galdt dei skrivande, var det ein viss mangel på idear. Dette
kunne bare oppfattast som ein invitasjon til å komme med forslag.
Det hadde eg ikkje på flekken, med det tok meg ikkje meir
enn fem minuttar å finne ut at her kunne skje noe.Tilfeldigvis,
eller kanskje ikkje så tilfeldig, hadde eg sjølv sysla
med skriveundervisning i noen år. Eg hadde også sete
i Den norske Forfatterforenings nyoppfriska utdanningskomité,
og hadde deltatt i det arbeidet som førte fram til Forfattarutdanningskurset
i Bø. I 1982 hadde eg dessutan vore på ein studietur
til USA og vitja fleire universitet for å tale med forfattarar
som hadde sitt arbeid der.
Då eg møtte Mjeldheim, var det kulturpolitikk
som sto på dagsorden. Ikkje skriveundervisning. Men to månader
seinare skreiv eg det første brevet om denne saka: Kva med
eit akademi for skrivekunst, i Hordaland? Eit år seinare var
Skrivekunst akademiet på plass med fylkeskommunale midlar.
Det var sant å seie eit lite eventyr sett frå mi side.
Men dersom eg reduserer meg sjølv til ein sosiologisk aktør,
så var dette igjen eit døme på korleis profesjonsinteressene
gjekk i allianse med ei nylig frigjord regionalpolitisk interesse
i ei pregingstid. Sidan er det mange som har vore med å forme
Skrivekunst akademiet i Hordaland til det er blitt. Men det er ei
anna historie.
Kan ein så lære å bli diktar? Når
det dreiar seg om kunst og skapande arbeid, er det ikkje først
og fremst tale om å tileigne seg kunnskapar. Her er det ideelt
sett tale om å skape noe nytt ut frå det ein alt veit
og kan. Dette nye er då i prinsippet ikkje noe ein har tileigna
seg ved læring. Det er noe ein har «funne på».
Men kan ein lære å bli «oppfinnsam»? Og
korleis lærer ein det, dersom ein slett ikkje er oppfinnsam
frå før? No er det utan tvil ein del folk som er meir
skapande, meir oppfinnsame enn andre, og sjølv om det trulig
er ei evne som kan utviklast, og som ein i alle fall kan lære
å utnytte meir optimalt, står det likevel tilbake at
enkelte menneske har noe meir av dette enn andre, alt i utgangspunktet.
Vi oppfattar det ofte som noe medfødt.
Derved vil eg ikkje ha sagt et ein diktar først
og fremst treng være kreativ. Men dette er opplagt noe av
det ein kan ha god bruk for, saman med andre eigenskapar som til
dømes formsans, sensitivitet, intellektuell kapasitet, tilgang
på psykisk energi, hukommelse, mot osv... I denne samanhengen
talast det gjerne om «talent».
Men kva er så eit talent? Jo, det er som alle veit ein mynt
som blei brukt i Palestina på Kristi tid.
Kristus advarte mot å grave det ned, men talent
i vår tyding er likevel ikkje noe vi kan sjå eller erfare
uavhengig av det som den talentfulle personen presterer. Ein påstand
om at einkvan har eit talent for skriving alt før vedkomande
har skrive noe, ville vere absurd. Vi er dessutan på villspor
dersom vi ser på talentet som ein eintydig biologisk størrelse.
Vi må hugse at det eigentlig er forleggarane som bestemmer
kven som skal bli forfattarar. Og ulike forleggarar har bruk for
høgst ulike talent.. Eit talent og eit talent er altså
ikkje det same.
Opp gjennom åra har eg sett og undervist fleire
hundre forfattarspirer. Mange av dei har seinare dukka opp i forlagskatalogane
og i mange tilfelle var det slett ikkje overraskande heller. Men
fleire av dei som i kurssamanheng kunne oppfattast som dei aller
mest begava, høyrde ein kanskje aldri meir til i litterær
samanheng. Hadde dei likevel ikkje «talent»? Forklaringa
er vel så enkel som at dei har valt andre vegar. Det var ikkje
skrive dei ville. Her er også ei lita gruppe som overraskar.
Ingen skulle trudd at dei kunne drive det så langt som til
å få utgitt noe. Men det gjorde dei.
Dette har i alle fall lært meg ein ting: Eg
vil aldri felle den dommen over noen at dei ikkje ein gong vil lykkast
med å finne ein forleggar til sine skriverier. Betyr det at
alle kan lære å skrive? Det kunne vere freistande å
svare ja. Men eg vil heller seie at dersom det er livet om å
gjere for eit menneske å skrive, så vil dette mennesket
vinne over dei største hindringar for å nå målet
sitt. Og då er det ikkje noen stor hindring at ein manglar
«talent».
Her finst så mange måtar å skrive
på, og det er rom for så mange ulike diktarar. Her finst
intelligente og uintelligente diktarar, her finst kreative og mindre
krative diktarar, her finst uvitande, og her finst lærde.
Få eller ingen manglar alt som trengst og ikkje alle går
inn i litteraturhistoria og blir hugsa lenge.
Men i samtida er dei alle med og påverkar den
prosessen som held oppe den litterære institusjonen i samfunnet
vårt. Det einaste ein diktar ikkje kan klare seg utan, er
sjølve viljen til å skrive. For har han ikkje den,
kjem han ingen veg med sin begavelse.
Diktarane er som alle andre menneske. Det einaste
dei har til felles er at dei skriv. Difor vil eg ikkje definere
det avgjerande talentet som ei evne, men som ein vilje til å
skrive. Hos mange beintfram ein trang eller eit behov like sterkt
som behovet for mat og drikke. Eg er også overtydd om at det
finst framifrå forfattarar som slett ikkje likar å skrive,
men som gjer det likevel, av høgst ulike grunnar. Talent
blir da, ut fra ein operasjonell definisjon, det som skal til for
at eit menneske brukar år av sitt liv til å skrive,
samstundes som vedkomande lykkast med, før eller sidan, å
finne ein forleggar som er viljug til å satse det som skal
til for å få manuskripta hans/hennar publiserte i ei
eller anna form.
No viser det seg i praksis, at det er svært
få menneske som går denne vegen, medan dei som drøymer
om å gjere det kan synest mange. Ja, stundom får eg
det inntrykket at denne draumen nærast høyrer med til
det å vere norsk. Men for dei aller fleste vil vegen i praksis
vere stengd. Ikkje fordi dei manglar evne til å skrive, men
rett og slett fordi dei ikkje vil det nok.
Kan det løyne seg noe forståelig bak
ein slik vilje eller trong? Har det kanskje samanheng med at enkelte
menneske, meir enn andre, lar seg røre av det dei opplever?
Er det kanskje noe i deira møte med verda som øser
desse menneska opp, eller gjer dei meir utrygge, slik at dei finn
det nødvendig å ty til denne magien, eller makta, som
ligg i skrivinga?
Som eit slag svar, forsvar eller ettersvar. Kanskje
er desse menneska meir sårbare enn andre? Eg ser heller ikkje
bort frå at trongen til å skrive, i enkelte tilfelle,
kan skrive seg frå ei særskild innsikt. Ikkje det at
desse menneska har sett noe som ikkje andre har sett. Men dei har
kanskje sett det på ein annan måte, slik at det opnar
for ein vilje til å skrive. Om viljen skal levast ut eller
ikkje, kan vel henge saman med kva slag forhold eit menneske lever
under. Men for enkelte er. denne viljen så sterk at den vil
slå igjennom, uansett.
Korleis det enkelte menneske har det med seg sjølv
og sine asyner, er det ikkje godt for andre å ha sikre meiningar
om. Det som står tilbake, er at enkelte finn det nødvendig
å skrive, medan andre ikkje finn det like nødvendig.
Og det er hovudsaka.
På denne bakgrunnen synest eg at spørsmålet
som blei stilt ovanfor kanskje er villeiande. Spørsmålet
er ikkje om ein kan, men om ein vil. Og når ein så har
valt å følgje denne viljen eller trongen, og søker
ein stad å vere med denne, så trengst eit rom, ein stad
å vere med sin trong. Eit rom der det er plass og fridom til
å vekse. For utan eit slikt rom vil det kanskje bli for lite
rom for den skrivande kunstnaren i samfunnet vårt, slik at
dei som vil dette, og vil det sterkt, likevel resignerer og gir
opp sin vilje, og i staden søker andre, og kanskje meir destruktive
vegar.
Det ville ikkje vere bra. Og difor treng vi Skrivekunstakademiet
i Hordaland, og fleire andre institusjonar av same slaget. I framtida
vil vi trenge det endå meir enn i dag. Og difor ynskjer eg
akademiet til lykke med dei første ti åra, og den grunnen
som her er lagt, for framtidas rom.
|